Stryn kommune - rekneskapsrapport 1. tertial 2022

Kommunestyret skal, ifølge vedteke økonomireglement, handsame følgjande rekneskapsrapportar i
løpet av året:
1. Tertialrapport pr. 30. april
2. Tertialrapport pr. 31. august
3. Årsrekneskapen innan 1. juli

I rekneskapsrapportane skal det framgå om drifta er innanfor dei vedtekne budsjettrammene. Dersom
det ikkje er tilfelle, må det setjast i verk tiltak for å oppretthalde budsjettbalansen, jfr. kap. 2.3 i
økonomireglementet.

Rekneskapen viser eit mindreforbruk i sentraladministrasjonen og eit meirforbruk på dei tre sektorane
skule og kultur, Helse og sosial og Samfunnsutvikling (teknisk). Når det i tillegg er inntektsført noko meir
skattar og rammetilskot, blir avviket samla tilnærma null (minus MNOK 0,6).

Tertialrapport 1.tertial 2022 (PDF, 1014 kB)