Garanti for lån

Retningsliner for Stryn kommune ved kommunale lånegarantiar:

  1. Alle søknader må innehalde:

  • Årsrekneskap for dei siste 2 åra
  • Årsbudsjett for gjeldande år, ev. også langtidsbudsjett
  • Budsjett som viser evna til innbetaling etter låneopptak
  • Vedtektene for selskapet
  • Søknaden må innehalde formål, kva tidshorisont du har og beløp
  • Oversikt over prosjektet med planer, teikningar og finansieringsplan
  • Kopi av lånetilsegn frå banken
  1. Søkjarar som kjem under definisjonen næringsverksemd i kommunelova § 51 2. ledd vil få avslag.

  1. Kommunen står fritt til å bestemme tidsavgrensing jf. forskrifta § 3.

  1. Tidlegare gitt kausjon/garanti betyr ikkje automatisk at ny kausjon/garanti blir gitt ved ny søknad.

  2. Stryn kommune stiller som hovudregel simpel kausjon, sjølvskyldnarkausjon vert stilt berre der dette er formålsteneleg, og til beste for samfunnet.

  3. Kausjonar/garantiar over kr 500.000,- må godkjennast av Fylkesmannen.

  4. Stryn kommune pliktar å følgje EØS-reglane om offentleg støtte, der kausjon/garantiar er definert som offentleg støtte.

  1. 5% av garantibeløpet settast av til ubunde disposisjonsfond «Garantifond-kommunale garantiar».
     

Spørsmål kan rettast til Rådmannsavdelinga i Stryn kommune, tlf. 57 87 47 17.

 

 

Kommunestyrevedtak - 039/17
Vedtak: Retningsliner for Stryn kommune ved kommunale garantiar: