Etablerarprøve for serveringsstad
Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått etablerarprøva, og ha fylt 18 år.
Alle som ynskjer det kan ta prøva. Dagleg leiar/styrar av ein serveringsstad må ha dokumentert kunnskap om serveringslova. Kravet er oppfylt ved bestått etablererprøve, eller utdanning frå Norsk Hotellhøgskule: HKR 230 Ansvarleg vertskap (bestått eksamen etter januar-05).
- Prøva tek du på Servicekontoret i Stryn kommune, 3 etasje i Tonningsgata 4.
- Kontakt oss på telefon 57 87 47 00 for å avtale tidspunkt.
- Prøva er ei fleirvalsprøve på 90 minutt. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål.
- Prøva må du ta på norsk. Det er ikkje høve til å ta med tolk eller bruke ordbok. Du kan ta med lovsamling.
- Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilde).
- Det kostar 400 kroner å ta prøva.
- Du kan ta prøva på nytt heilt til du består. Det kostar 400 kroner kvar gong.
Prøva er basert på det materiale som er gitt i læreboka" Læremateriell - etablererprøven for serveringsvirkesomhet" utarbeida for Nærings- og handelsdepartementet av Veiledningsinstituttet i Nord-Norge.
- Du kan kjøpe læremateriell, kurs og tilgang til "test deg sjølv" - prøver via Vinn.no
Alle som består etablererprøva får eit prøvebevis.
Det er viktig å ta vare på dette beviset då dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid.
Sist endra 18.08.2025 10.53