Kunnskapsprøve i alkohollova
Det er to typar kunnskapsprøver. Ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub. Skal du vere skjenkestyrar eller varastyrar for ein stad med sals- eller skjenkeløyve må du ha bestått kunnskapsprøva, og ha fylt 20 år.
- Prøva tek du på Servicekontoret i Stryn kommune, 3 etasje i Tonningsgata 4.
- Kontakt oss på telefon 57 87 47 00 for å avtale tidspunkt.
- Dette er ei fleirvalsprøve og består av 30 spørsmål. For å få bestått må du ha 24 rette svar
- Du vil få 60 minutt til å svare på prøva
- Du får fleire forsøk dersom du ikkje greier prøva første gongen
- Prisen for å ta prøva er 400 kroner kvar gong
- Ta med gyldig legitimasjon når du skal avlegge prøva
- Prøva er på norsk, og det er ikkje høve til å ha med tolk. Du kan bruke norsk ordbok
- Pensum for salsløyve: Kunnskap om alkohollova kap. 1, 3, 7, 8 og 9 med forskrifter
- Pensum for skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova kap. 1, 4, 5, 7, 8 og 9 med forskrifter.
- Du kan kjøpe læremateriell, kurs og tilgang til "test deg sjølv" - prøver via Vinn.no
Alle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis som er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollova. Ta godt vare på dette. Beviset er gyldig på ubestemt tid.
Sist endra 22.09.2025 14.24