Tobakk

Frå 1. januar 2018 må alle som sel tobakksvarer registrere seg i tobakkssalsregisteret.

Registreringa gjer du på Helsedirektoratet si side

Den som ikkje er registrert, har ikkje lov å selje tobakksvarer.

Det er vedteke ei ny registrerings- og tilsynsordning for sal av tobakksvarer og tobakkssurrogat. Formålet er betre handheving av tobakksskadelovgjevinga, særleg aldersgrensa.

Registeret skal gje ein oversikt over alle salsstadane og grossistane, slik at kommunen skal kunne føre eit effektivt tilsyn med sal til forbrukar, og Helsedirektoratet med grossistane.