Parkeringskort for rørslehemma

Med parkeringskort for rørslehemma kan du parkere på parkeringsplassar som er reservert rørslehemma.

For å søkje om parkeringskort for rørslehemma må du oppfylle følgjande krav:

  • Legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å gå over lengre avstandar

  • Du må kunne dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid, legebesøk og andre aktivitetar.
     

Slik søkjer du om parkeringskort for rørslehemma:

Du må fylle ut søknad om parkeringsløyve (digitalt skjema) og legen må fylle ut legeerklæring.

Papirbasert søknadsskjema om parkeringsløyve (må skrivast ut, utfyllast og sendast Servicekontoret, Tonningsgata 4, 6783 Stryn)

Legeerklæringa leverer du til Servicekontoret, Tonningsgata 4, 6783 Stryn.
 

Kontakt

Tenesteleiar for funksjonshemma
Telefon 450 77 044


Besøksadresse:
Myrane 18
6783 Stryn