Varsling 24

Stryn kommune har teke i bruk varslingssystemet «Varsling 24» for å kunne nå alle innbyggjarane raskt med viktige meldingar. Varslinga skjer ved utsending av tekstmelding (SMS) til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og e-post.

Når blir systemet teke i bruk?
Varslingssystemet vil bli brukt av kommunen for å nå innbyggjarane digitalt med meldingar når dette er føremålstenleg. Det kan vere ved stenging av vatn, kokevarsel, stengde vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre situasjonar som krev rask informasjon.


Korleis finn vi deg?
Det vert nytta fire ulike register for å nå ut med informasjon til deg:

1) Privatpersonar:
Kontaktinformasjon vert henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi oppmodar deg om å legge inn mobiltelefonnummeret og epostadressa di i dette felles nasjonale kontaktregisteret. Dei fleste henvendelsar frå det offentlege vil hente kontaktinformasjonen der, for eksempel skattemeldinga (sjølvmeldinga). Oppdatering utførast her på norge.no
 

2) Bedrifter:
Ved varsling av bedrifter vert bedrifter som høyrer til adresser som er oppført i einingsregisteret kontakta. Kontaktdata for bedrifter blir hentet fra Digitaliseringsdirektoratet/ (Altinn).Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som undereining hos Brønnøysundregistera

3) Tilleggsregister:
Tilleggsregister kan du nytte om du ønskjer å få varsling for ei bedrift eller for ei adresse du ikkje er registrert med bustadadresse på. Sjå varslemeg.no 
 

4) Fritidseigedommar:
Varsling 24 varslar fritidseigedommar med matrikkelkodane 16 og 17

  • 161 - Fritidsbygning (hytter, sommarhus o.l.)
  • 162 - Heilårsbustad nytaa som fritidsbustad
  • 163 - Våningshus nytta som fritidsbustad
  • 171 - Seterhus, sel, rorbu o.l.
  • 172 - Skogs- og utmarkskoie, gamme


Det er eigarane av desse eigedomane som blir varsla. Er eigedomen festa er det festar som blir varsla. Kontaktdata finn vi  under privatpersonar/bedrifter.

 

Har du ikkje fått varsel?

1) Er du folkeregistrert på adressa di

2) Har du oppdatert din elektroniske kontaktinformasjon på norge.no
 

Kva kan du gjere?

Oppdater opplysningane dine og meld alltid flytting til Folkeregisteret.

Bur du på ein annan stad enn der du er folkeregistrert kan du registrere telefonnummeret ditt på adressa di i Tilleggsregisteret. Hugs å endre om du flyttar. Tilleggsregisteret er konfidensielt og nyttast berre av kommunen.

Registrer telefonnummeret ditt i kommunens tilleggsregister på varslemeg.no

Vel Tilleggsoppføring – Legg til  telefonnummeret ditt (vel Privat)
 

Sårbare verksemder

Tilleggsregisteret knyter kontaktpersonar til verksemder med telefonnummer. Kontaktpersonen vil få varsel på SMS dersom SMS sendast frå kommunen.

Sårbare verksemder er bedrifter som er avhengig av vatn for å drive verksemda si.

Dømer:

  • Sjukehus og medisinske senter
  • Alders- og sjukeheim
  • Lege og tannlegar
  • Barnehagar og skular
  • Næringsmiddelprodusentar
  • Restaurantar og kafear

 

Ofte spurde spørsmål

Korleis virkar varslinga?

Meldinga blir sendt som tekstmelding (SMS) til mobiltelefon, e-post og ei automatisert talemelding til fasttelefon. Tekstmelding lesast inn som «tekst til tale». På slutten av meldinga kan du taste 1 for å stadfeste at du har oppfatta meldinga, eller 9 om du ynskjer å høyre meldinga ein gong til.

Er mobilnummereret mitt registrert?

Vi sender varsling til alle som er folkeregistrert på ei aktuell adresse i Folkeregisteret og hentar kontaktopplysningane dine frå Difi sitt kontaktregister. Så lenge du har registrert kontaktopplysningane dine i Difi sitt kontaktregister/Altinn vil du få varsel. 

Oppføringa di kan du sjekke ved å logge deg inn på norge.no 

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Om ein likevel ønskjer å få varsel frå kommunen kan du legge inn ei tilleggsoppføring på varslemeg.no  Hugs å kryss av for «hemmeleg nummer».

Korleis får eg varsel for andre adresser enn mi bustadadresse?

varslemeg.no kan du legge inn tilleggsadresser som du ønskjer varsel for. Dette kan gjelde barn i studentbustad, foreldra dine sin bustad eller ein fritidseigedom. Slik gjer du:

  • Under Tilleggsoppføring klikk Legg til ditt telefonnummer
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk send
  • Du får ein kode på sms, som du brukar for å logge deg inn
  • Her kan du legge til andre adresser du vil bli varsla for. Namn = den som bur på adressa du registrerer
Korleis kan eg sjå kva adresse eg får varsel for?

varslemeg.no kan du sjekke alle varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer, utover di offisielle bustadadresse som du er registrert med i «kontaktregister for offentlig forvalting».

Gjer følgjande:

  •  Under Tilleggsoppføring klikkar du Legg til ditt telefonnummer
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk send
  • Du mottek ein kode på sms, som du brukar for logge deg inn. Her ser du lista over adresser registrert på ditt mobilnummer.
  • Her kan du også slette adresser eller legge til fleire
Eg bur i burettslag/ blokk/ sameige. Blir alle på mi adresse varsla?

Alle einingar i eit burettslag eller sameige blir varsla om ein er registrert i kontaktregister for offentleg forvaltning.

Korleis finn eg ut om adressa til foreldra mine er i ein kommune som brukar Varsling 24?

Ta kontakt med den respektive kommune for å høyre om dei brukar Varsling 24.