Slik søkjer du barnehageplass
Stryn kommune har 8 barnehagar. Av desse er 7 kommunale og 1 privat.
BARNEHAGERUTA 2025/2026:
Start barnehageåret 2025/2026: Måndag 4. august
Felles kurs-/planleggingsdagar: Måndag 6. oktober og Tysdag 7. oktober 2025, onsdag 18. mars 2026.
2 fristilte planleggingsdagar fastsett i samarbeidsutvala i den enkelte barnehage.
Alle barnehagane har feriestengt veke 29, 30 og 31, frå 13.07.26 – 31.07.26.
Dei barnehagane som har få eller ingen barn veke 28, har feriestengt også denne veka.
Utanom planleggingsdagane, planlagt feriestenging og jule- og nyttårsaftan, har barnehagane ope alle vekedagar utanom laurdag og søndag.
På onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagane kl. 12.00.
Barna skal ha fri på dei vedtekne planleggingsdagane.