Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og foreldra, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.
Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 57 30 03 33 eller på e-post mobbeombod@vlfk.no
Du kan følgje ombodet på Facebook.
Du kan lese meir om ombodet og korleis du kan få hjelp her Mobbeombodet i Vestland.
Sist endra 16.12.2024 08.33