Grunnskuleopplæring for vaksne

For å ha rett til grunnskuleopplæring, for vaksne, må du oppfylle fire vilkår:

  • vere over opplæringspliktig alder (over 16 år)
  • ikkje ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1
  • ha lovleg opphald i Norge
  • trenge grunnskuleopplæring

Vaksne kan ha behov for grunnskuleopplæring i heile fag, delar av fag eller berre grunnleggande ferdigheiter. Grunnskuleopplæring for vaksne er gratis og skal tilpassast den enkelte sitt behov. Dei fleste brukar 1-3 år på grunnskule. Ein kan avslutte med munnleg og skriftleg grunnskuleeksamen etter 10. trinn, og få vitnemål som kvalifiserer til videregåande opplæring. Ein kan også avslutte før eksamen er gjennomført, og få eit kompetansebevis.

Det kan vere mange grunner til at vaksne treng grunnskuleopplæring. Nokon har ikkje fått fullverdig grunnskule der dei vaks opp, nokon treng ny opplæring på grunn av sjukdom eller skade, og nokon treng betre grunnleggande ferdigheiter for å kunne utdanne seg eller få jobb.

Ta kontakt for å undersøke om du har rett til grunnskoleopplæring. 

I rettleiingssamtale med skulen kartlegg vi ditt nivå, og vi tilpassar undervisninga til den enkelte. Alle tilpassingar blir vurdert individuelt.

Grunnskule for vaksne ved Stryn vaksenopplæringssenter er i hovedsak organisert på dagtid frå måndag til fredag kl.09.00-14.30. Grunnskulefaga det blir undervist i er: engelsk, matematikk, samfunnsfag og naturfag. 

Bruk søknadsskjemaet for grunnskuleopplæring.  Kommunen behandlar søknaden så fort som mogleg, og tek kontakt for å avtale rettleiing og eventuell oppstart innan rimeleg tid.

Informasjon om grunnskule for vaksne (PDF, 146 kB)

 

 

SØK HER:  Søknad om grunnskuleopplæring for vaksne


Søknadsskjema på papir:
Skjemaet under må skrivast ut, utfyllast og sendast Servicekontoret, Tonningsgata 4, 6783 Stryn.

Søknad om grunnskuleopplæring for vaksne (PDF, 211 kB)

 

 

Realkompetansevurdering  

Realkompetanse er kunnskapar og ferdigheiter som ein person har skaffa seg gjennom utdanning, arbeid, frivillig arbeid, organisasjonsarbeid, fritidsaktivitetar eller liknande.

Enkelte vaksne har ikkje fullført ti år i grunnskule. Andre har gjennomført grunnskule, men manglar dokumentasjon. Ein vaksen som manglar dokumentert grunnskuleopplæring, kan få vurdert sin realkompetanse. 

Ein kan få realkompetansevurdering i faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag. Ein blir vurdert etter måla for 10. trinn i gjeldande læreplan (LK-20).

Les meir om realkompetansevurdering for vaksne på Utdanningsdirektoratet sine nettsider

Kandidatar som oppnår godkjent realkompetanse i faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag, vil få vitnemål frå grunnskoleopplæring og rett til vidaregåande opplæring. Er berre enkelte fag bestått, får kandidaten eit kompetansebevis som ikkje gir rett til vidaregåande opplæring.  

 

Ved spørsmål ta kontakt med:

Rektor Stryn Vaksenopplæringssenter
Hilde Nesje
Telefon 57 87 61 90
hilde.nesje@stryn.kommune.no


 

Artikkelliste