Norskopplæring

Mange innvandrarar må gjennomføre opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Nokre får opplæringa gratis, medan andre må betale. Det er kommunen som skal gi tilbod om opplæringa.

IMDI har informasjon om kven som har rett og/eller plikt til norskopplæring

Kva betyr rett og plikt til opplæring?

Rett betyr at ein har rett på gratis opplæring etter læreplanen fastsett av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Denne retten fell vekk dersom du ikkje har gjennomført opplæringa innan tre år.
18 månadar dersom du har utdanning tilsvarande norsk vidaregåande skule. Etter det må du betale sjølv.

Plikt betyr at ein må ha gjennomført opplæringa for å kunne søke permanent opphald eller statsborgarskap seinare.

 

Norskprøve 

Informasjon og påmelding til norskprøve

Avsluttande prøve i norsk måler norskkunnskapar skriftleg og munnleg frå beskrivingane i det felles europeiske rammeverket for språk

Avsluttande prøve i norsk er obligatorisk for personar med rett og plikt iht. integreringslova/introduksjonslova, med første opphaldsløyve frå og med 01.09.2013.

Norskprøva er gratis ÉIN gang for alle som har rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Det blir stilt krav til resultat på norskprøve for å få permanent opphaldsløyve og statsborgarskap.

Prøve i samfunnskunnskap

Personar med rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter integreringslova/introduksjonslova, med første opphaldsløyve frå 01.09.2013, må dokumentere kunnskapar om samfunnet for å søke om permanent opphaldsløyve. Dei kan bruke dokumentasjon på bestått samfunnskunnskapsprøve på valfritt språk, inkludert på norsk.

Samfunnskunnskapsprøva er gratis ÉIN gng for alle som har rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Ta kontakt med Stryn Vaksenopplæringssenter for informasjon og påmelding til prøve i samfunnskunnskap.

Statsborgarskapsprøve

Informasjon og påmelding til statsborgarprøve

Er mellom 18 og 67 år, må du som hovudregel ha gjennomført godkjent opplæring i norsk og samfunnskunnskap og ha bestått prøver i norsk og samfunnskunnskap før du kan bli norsk statsborgar.

Informasjon om kva reglar som gjeld for statsborgarskap finn du på UDI sine sider.

Du kan gjennomføre statsborgarprøva eller samfunnskunnskapsprøva på norsk. 
Samfunnskunnskapsprøva på norsk har litt vanskelegare språk enn statsborgarprøva.

 

Prisar for prøver

  • Norskprøve skriftleg kr 1.000
  • Norskprøve delprøve kr 500 pr delprøve 
  • Norskprøve munnleg kr 1.000
  • Statsborgarprøve kr 600
  • Samfunnskunnskapsprøve kr 600

 

Ved spørsmål ta kontakt med:

Rektor Stryn Vaksenopplæringssenter
Hilde Nesje
Telefon 57 87 61 90
hilde.nesje@stryn.kommune.no

Artikkelliste