Kommunikasjon mellom heim, barnehage og skule

Stryn kommune brukar Vigilo OAS som administrativt datasystem for skular og kommunale barnehagar. Systemet skal først og fremst løyse ei lang rekkje administrative oppgåver for barnehage og skule - alt i frå søknad om barnehageplass til vitnemålsutskrift etter 10. trinn.

Innbakt i Vigilo OAS finst ei løysing for digital tovegskommunikasjon mellom foreldre og barnehage/skule, der ein kan nytte mobiltelefon, nettbrett eller datamaskin. Kvar skule og barnehage vil informere foreldra om korleis dei ønskjer å nytte denne nye kommunikasjonsløysinga.

 

Brukarrettleiing og informasjon om pålogging finn du på Vigilo sine nettsider

 

Føresettportal

Logg på via nettlesar (anbefaler Chrome):

  1. Gå inn på http://vigilo.no  
  2. Vel “Logg inn OAS”
  3. Vel Stryn kommune
  4. Logg inn med ID-porten

 

Vigilo App

Du kan laste ned Vigilo app via Apple Store (IOS) eller Google Play (Android).
Ver obs på at det finst fleire appar som heiter Vigilo (eldre versjonar).
Sjå derfor etter versjon med slik logo

 

 

 

 

 

 

 

 

Tilgjengelegheiterklæring for Vigilo.no

Tilgjengelegheitserklæring Vigilo Operativsystem iOS / iPadOS

Tilgjengelegheitserklæring Vigilo Operativsystem Android