Formålet med barneverntenesta
Barnevernet si hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet bidra til at barn og unge får trygge oppvekstkår. Ansvaret og arbeidsoppgåvene til barnevernstyresmaktene er regulert i barnevernlova med forskrifter.
Alle barn under 18 år som oppheld seg i Stryn kommune kan ta i mot tiltak frå barneverntenesta. Dersom eit tiltak er sett inn før barnet er fylt 18 år, kan tiltak vidareførast til ein er fylt 23 år (ettervern) – avhengig av at den unge seier seg einig.
I sakshandsaminga til barneverntenesta er det nokre viktige omsyn å jobbe etter:
-
Barnet sitt beste i fokus
-
Sakshandsaminga skal utførast forsvarleg
-
Barn har rett til medverknad
-
Ein skal bruke mildaste effektive inngrep
-
Ta omsyn til biologiske band
-
Ha omsyn til utviklingsfremjande tilknytning
Barneverntenesta er avhenging av bekymringsmelding frå anten private eller offentlege meldarar for å kunne starte opp ei sak. Det er berre private meldarar som har høve til å vere anonyme.
Når ei bekymringsmelding er motteke, har barnevernet ei veke på å bestemme om ein skal gå vidare til undersøking, eller henlegge saka.
Om ein går vidare til undersøking, har barnevernet tre månadar på seg til å undersøkje. I heilt spesielle høve kan ein utvide dette til seks månadar.
I undersøkingsperioden har barneverntenesta tett dialog med både foreldre og barnet/ungdommen, innhentar informasjon frå andre instansar som kjenner familien, i tillegg går barneverntenesta på heimebesøk. Ein kan også bruke ulike kartleggingsverktøy for å belyse både styrkjer og utfordringar i familien.
Om det er behov for hjelp, finn vi saman med barnet/ungdommen og foreldra tiltak som skal bidra til positiv endring i familien.
-
Barneverntenesta kan henlegge saka
-
Barneverntenesta kan tilvise til andre instansar (t.d Familiekontoret eller Barne- og ungdomspsykiatrien)
-
Barneverntenesta kan gjere vedtak om frivillige hjelpetiltak
Berre når førebyggande tiltak ikkje er tilstrekkeleg, vert det vurdert plassering i fosterheim eller institusjon. Viss det i tillegg er trong for omsorgsovertaking, vert saka avgjort av Fylkesnemnda for barnevern- og sosiale saker og dei ulike partane har bistand frå kvar sin advokat.
Publisert av ACOS System
Sist endra 10.02.2025 15.03