Hjelpetiltak i barneverntenesta

Barneverntenesta vurderer kva tiltak som er aktuelt å tilby familiar, og er pliktig til å følgje opp og evaluere tiltaka. Barneverntenesta er lovpålagt å ha ein tiltaksplan i alle familiar som tek i mot tiltak.

Barnevernet

Døme på tiltak i barneverntenesta
  • Råd og rettleiing
  • Miljøarbeidar (t.d arbeid med struktur og rutinar i heimen)
  • Besøksheim
  • Støttekontakt
  • Økonomisk hjelp (t.d til barnehage, SFO eller fritidsaktivitetar)
  • Interkommunalt heimebasert tiltak (metodisk arbeid i heimen, t.d PMTO, VIT, Marte Meo etc)
  • Funksjonell Familieterapi
  • Opphald på Foreldre- og barn senter
  • Fosterheim
  • Barne- og ungdomsinstitusjon

 

Barneverntenesta prioriterer førebyggande tiltak overfor barn og unge som treng det, i tillegg til tiltak for å styrkje foreldra si omsorgskompetanse overfor barna sine.

Barneverntenesta har høve til å tilvise saker vidare til andre instansar, som til dømes Barne- og ungdomspsykiatrien.

Foreldre har høve til å søkje om spesifike tiltak. Dette gjer ein ved anten å sende ein skriftleg søknad til barnevernet, eller ved å ta kontakt for ein samtale.

Kontakt

Barneverntenesta
Telefon 57 87 47 00


Beredskapstelefon for barneverntenesta utanom kontortid:
47 47 14 57 (samarbeid mellom Stryn, Eid, Selje og Gloppen)

Adresse

Tonningsgata 4, 6783 Stryn

Åpningstider

Måndag - fredag 09.00 - 15.00

Kart