Oppdrag i barnevernstenesta
Besøksheim:
Familiar som kan ha besøk av eit eller fleire barn ca ei helg i månaden, der barna får vere med på dykkar daglege aktivitetar.
Støttekontakt:
Ein person som kan ta med seg barn på aktivitetar i nærmiljøet nokre timar i veka. Fokus på meistring av både fysiske og sosiale aktivitetar.
Miljøarbeidar:
Jobbe med struktur og rutinar i heimane. Hjelpe foreldre med meistring og sjølvstende.
Tilsynsførar:
Personar som kan føre tilsyn i fosterheimar ca 4 gongar i året. Formålet er å sjå til at vilkåra for plassering i fosterheimen blir fylgt opp, og at barnet har det bra i fosterheimen.
Fosterheimar:
Det er anbefalt at ein gjennomgår eit Pride – kurs gjennom BUF-etat v/Fosterheimstenesta i førekant av å ta på seg oppdrag som fosterforeldre. Ta kontakt med di lokale barnevernteneste for spørsmål, eller direkte med BUF – etat region Vest/Fosterheimstenesta.
Det vert stillt større krav til å bli fosterheim.
Interessert i mer informasjon? Ta kontakt med barneverntenesta og/eller Fosterheimtenesta.
Barneverntenesta har kontinuerleg behov for personar og familiar som vil ta på seg ulike oppdrag.
Interessert i mer informasjon? Ta kontakt med barneverntenesta i Stryn og/eller Fosterheimtenesta.
Sist endra 12.04.2022 13.13