Bustadrådgjeving - tilpassing av bustad

Å tilpasse ein bustad er å gjere den eigna slik at du kan fortsetje å bu i bustaden sjølv om du har nedsett funksjonsevne. Tilpassinga må vere hensiktsmessig og avgjerande for at du kan bli buande i bustaden.

Stryn kommune har etablert eit tverrfagleg bustadteam som består av representantar frå avdeling for Fysio-/ergoterapi, Servicekontoret og vaktmestertenesta. Det vert halde regelmessige møte der ein går gjennom aktuelle saker. Det vert gjennomført heimebesøk ved behov. Med utgangspunkt i dette tverrfaglege samarbeidet, får kommunen inn nødvendig informasjon og dokumentasjon som bidreg til at ein kan fatte gode og rette vedtak.

Ta kontakt med fysio-/ergoterapiavdelinga dersom du ønskjer å tilpasse bustaden din som følgje av nedsett funksjonsevne. 

Det kan vere mogleg å søke kommunen om startlån eller bustadtilskot i samband med tilpassing av bustad.

Ved søknad om tilskot til tilpassing av bustad, er det krav om at uttale frå bustadteamet vert lagt ved søknaden.