Startlån og bustadtilskot

Husbanken har fleire verkemiddel som kan bistå innbyggjarane med bustadetablering, ved både kjøp og bygging av bustad. Det er kommunane som administrerer ordninga på vegne av Husbanken.

Startlån

Startlån kan bidra til at husstandar med bustadetableringsproblem får moglegheit til å etablere seg og bli buande i nøkterne og gode bustadar. Ordninga er retta mot personar med langvarige bustad- og finansieringsproblem som ikkje får lån i vanleg bank. Startlån kan også bli gjeve til utbetring og tilpassing av bustad. Bustaden må ligge i Stryn kommune og vere godkjent som heilårsbustad. Det er ein føresetnad at du sjølv bur i bustaden.

Det er ikkje krav om eigenkapital for å få startlån, men du må kunne betale på startlånet ved sidan av alle andre utgifter. Har du lav inntekt kan startlånet eventuelt kombinerast med tilskot og/eller bostøtte.

Tilskot til etablering

Tilskot til etablering vert vanlegvis nytta som toppfinansiering når ein bustad skal finansierast. Tilskotet vert gjeve til enkeltpersonar/husstandar med varig låg inntekt og som ikkje er i stand til å betene fullt lån til eigna bustad. Ordninga er behovsprøvd og kun dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få tilskot.

Tilskot til tilpassing av bustad

Å tilpasse ein bustad er å gjere den eigna, slik at ein kan fortsetje å bu i bustaden sjølv om ein har nedsett funksjonsevne. 

Det kan søkjast om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar. Tilpassinga må vere hensiktsmessig og behovet for tilskot vert vurdert ut frå husstanden sin økonomikse situasjon. Når vi vurderer tildeling, prioriterer vi dei med størst behov først. Familiar med funksjonshemma barn er høgt prioritert.  Ta kontakt med fysio-/ergoterapitenesta i kommunen

På sida til Husbanken finn du meir informasjon om startlån, bustadtilskot og søknadsskjema

Tilskot til utgreiing og prosjektering

Du kan òg søke om tilskot til utgreiing og prosjektering for å kartlegge behov, moglegheiter og kostnader.

Prosjektering med fagleg bistand gjeld både for tilpasning av bustad og bruk av velferdsteknologi. Dette kan for eksempel bli utført av arkitekt eller ein anna fagkyndig person.

Du finn meir informasjon om tilskotet her. 

Søknadsskjema (PDF, 144 kB)

Stryn kommune sine retningsliner for startlån og bustadtilskot

Retningsliner startlån (PDF, 128 kB)

Retningsliner tilskot til etablering (PDF, 116 kB)

Retningsliner tilskot til tilpassing av bustad (PDF, 113 kB)

Retningsliner tilskot til utgreiing og prosjektering (PDF, 114 kB)