Frisklivsresept

Du kan få Frisklivsresept gjennom lege, NAV eller anna helsepersonell, eller ved å ta kontakt med Frisklivssentralen. 

Ønskjer du til dømes endring og oppfølging i forhold til kosthald, fysisk aktivitet eller tobakk, er du velkomen innom for ein prat.

Ein reseptperiode varer i 3 mnd, og kan innehalde ein eller fleire delar:

  • Helsesamtale 1 og 2 (før og etter reseptperioden)
  • Tilpassa fysisk aktivitet, individuelt eller i grupper
  • Kosthaldsrettleiing
  • Hjelp til røyke - og snusavvenning  

I tillegg til den individuelle oppfølginga, ønskjer Frisklivssentralen å kunne tilby kurs/ temasamlingar for deltakarane innan kosthald, trening, mestring av depresjon, søvnvanskar, endring av tobakks- og alkoholvaner og andre tilbod som fremmar mestring av eiga helse. Kurstilbodet varierer ut i frå behovet til deltakarane til ei kvar tid.

Kven kan få Frisklivsresept?

Frisklivssresepten er for alle som ønskjer hjelp til å endre levevaner. Inaktivitet, dårlig kosthald og snus- og røykevaner kan vere tilvisingsindikasjon. Tilvisingsårsak kan også vere høgt blodtrykk, høgt blodsukker/risiko for å utvikle diabetes type 2, overvekt, psykiske lidingar, muskel/skjelettplagar, hjerte/karsjukdomar og lungesjukdom. Men ein treng ikkje vere sjuk, eller ha ei diagnose for å nytte seg av tilbodet frå Frisklivssentralen.

Når du har fått frisklivsresept

Når vi får resepten din, vil vi kontakte deg og invitere til ei oppstartsamtale. I samtala snakkar vi om fysisk aktivitet, kosthald eller røykevaner alt etter kva du opplever som viktig for deg. Vi vil hjelpe deg å formulere måla dine, og sette opp ein plan for korleis du skal nå dei.

Undervegs i reseptperioden har du mulegheit for oppfølgingssamtale dersom du ønskjer det. Ved endt reseptperiode gjennomfører vi ei avslutningssamtale.

Kondisjonstest på tredemølle

Vi oppfordrar alle deltakarane våre til å teste kondisjonen før og etter ein treningsperiode. Du vil då få eit mål på den fysiske forma di, og sjå om det har skjedd endring frå test I til test II. Det er også ein fordel for oss og vite kva form du er i før du begynner å trene, samt at vi vil få ein indikasjon på om den treninga vi tilbyr er med på å betre helsa di.

Treningane

Vi tilbyr eit variert treningstilbod, med både inne- og utetreningar. Felles for alle timane er at dei er enkle og godt tilrettelagt for deg som er i ein oppstartsfase. Det er viktig for oss at du opplever meistring og glede ved å vere i bevegelse, og at du trivast sosialt på treningane våre.

Samarbeid med Gym Stryn og Stryn symjehall

Vi har eit samarbeid med Gym Stryn, der vi gjennomfører dei fleste innetreningane. Det blir også jobba for at treningssentra ute i distriktet òg skal kunne tilby Frisklivstrening (dette blir oppdatert på timeplanen). Utetreningane våre vil hovudsakleg vere intervalltreningar (du vel sjølv om du vil gå eller springe, evt. stavgang), der vi varierar ulike former for intervall/leikar. Dei føregår ute uansett ver. Symjehallen er tilgjengelig for deltakarane i dei offentlege badetidene i kvardagane (mot ein eigenandel på 40,-)

Sjå vidare på timeplan og timebeskriving for meir info.

Vi oppfordrar alle våre deltakarar å la trening vere ein del av opplegget hos oss – dette er ein av dei viktigaste faktorane for å lukkast med endringsprosessen. Fysisk aktivitet er ein viktig helsefremmande faktor, som både kan førebygge og bremse utvikling av m.a. hjarte-/ karsjukdomar, diabetes type 2, overvekt, belastningslidingar, psykiske lidingar (t.d. depresjon og angst), og andre tilstandar der fysisk aktivitet er anbefalt. Ein halvtime om dagen med moderat til hard aktivitet kan vere nok til å gje betydelig helsegevinst.

 

send på epost til frisklivssentralen@stryn.kommune.no
eller print ut og send i posten til Frisklivssentralen i Stryn, Stryn Omsorgssenter, Myrane 18, 6783 Stryn.