Om Frisklivssentralen

Frisklivssentralen er ei kommunal helseteneste som skal førebyggje sjukdom og fremme god helse. 

Vi er eit kompetansesenter for deg som ønskjer rettleiing og oppfølging til å endre levevanar og til å meistre eiga helse. 

Målgruppa (18-69 år) er du som står i fare for å utvikle livsstilsjukdom, eller som alt har utvikla sjukdom, og treng oppfølging av helsepersonell til å endre levevanar og meistre sjukdom.

Fokusområda våre er fysisk aktivitet, kosthald og tobakksbruk.

Målet med tilbodet er betre helse gjennom gode levevaner

Endring av vaner er utfordrande og krev systematisk innsats over tid. Frisklivssentralen vil vere ei starthjelp, og bidra med kunnskap og støtte for at du skal lukkast.
Oppfølgingstilbodet er samansett av individuelle samtaler, rettleiing og kurstilbod, gruppetrening og aktivitetstilbod.
Ein oppfølgingsperiode varer i 3 MÅNADER, og er GRATIS.
Deltakar og rettleiar vil i samarbeid lage ein plan for perioden.  
Du kan få tilvising til Frisklivssentralen via Frisklivsresept (PDF, 310 kB) gjennom lege, NAV eller anna helsepersonell. Du kan også ta kontakt på eige initiativ og tinge time – ring eller send e-post til Frisklivsentralen i Stryn (sjå kontaktinfo). 

 

Følg oss på Facebook

Ta vare på deg sjølv og ta ansvar for di ega helse.
Det kan hjelpe deg til eit langt, lukkeleg og godt liv!

 

Oversikt over Frisklivssentralar i Norge