Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er ei forlenging av helsestasjonsarbeidet, og skal bidra til å førebygge sjukdom og skade, fremme god psykisk og fysisk helse og gode sosiale og miljømessige forhold blant elevane.

Alle elevar i grunnskule og vidaregåande skule har rett på skulehelseteneste. Skulehelsetenesta omfattar elevar i grunnskulen frå 1.-10. klasse og elever på Stryn vidaregåande skule.

Skulehelsetenesta i Stryn har fast kontortid ved kvar enkelt skule i kommunen.


Skulehelsetenesta gjev tilbod om blant anna:

- Helseundersøking og samtale, samt rettleiing for elevar, føresette og lærarar
- Audiometri og synstest
- Helseopplysning og undervisning
- Individuell oppfølging av elevar med spesielle behov
- Vaksinasjon ift barnevaksinasjonsprogrammet 
- Miljøretta tiltak med fokus på elevane sitt arbeidsmiljø
- Deltaking i ansvarsgruppemøter, samarbeidsmøter og tverrfagleg samarbeid

Stryn skulehelseteneste har faste helseundersøkingar og samtaler, samt vaksinetidspunkt. I tillegg kjem helseundersøkingar og samtalar etter individuelle behov.


Samarbeid med foreldre og andre faggrupper

Elevar, foreldre og lærarar vert oppmoda om å ta kontakt dersom det oppstår noko som har innverknad på eleven si helse og trivsel. Helsesøster er avhengig av eit godt samarbeid med skulen og foreldra for å fremme eleven si helse. Dersom eleven har behov for oppfølging frå andre instansar, kan aktuelle samarbeidspartnarar vere skule, skulelege, fastlege, tannlege, fysioterapeut, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barnevern, barne -og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), spesialisthelsetenesta.

Skulehelsetilbodet er gratis.

Helsesamtaler og planlagt undervisning i skulehelsetenesta (PDF, 151 kB)