Psykososialt kriseteam si oppgåve er å samordne den psykososiale innsatsen som trengs i ein krisesituasjon, og sikre at dei som hendinga har råka får naudsynt oppfølging.
Kriseteamet skal vere ein ressurs som gjev krisehjelp til einskildpersonar eller grupper av personar i ein krisesituasjon.
Kriseteamet er eit tverrfagleg og tverretatleg team som:
-
ivaretek fagkunnskap og krisehandtering
-
utvekslar praktiske erfaringar
-
evaluerer arbeidet i teamet.
Kommunalsjef helse og sosial peikar ut medlemane, som i dag består av ruskonsulent, kommunelege, prest, politi, skule/barnehage, personell frå helsestasjon, barnevern og PPT.
Leiar for psykososialt kriseteam er psykisk helsearbeider.
Aktivering av psykososialt kriseteam går gjennom legevakt utanom ordinær arbeidstid. Leiar av teamet har koordinerande ansvar og vurderer behov for aktivering av heile, eller deler av teamet. Både kommune, politi, ambulanse og legevakt har liste over medlemmar i teamet med prioritert oppkallingsliste og telefonnummer.
Psykososialt kriseteam - rammeplan (PDF, 447 kB)
Les meir på heimesidene til helsedirektoratet, krisepsyk og nktvs.