Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Stryn kommune samarbeider med krisesenteret i Sogn og Fjordane. Du kan ta kontakt med krisesenteret heile døgnet på telefon 57 74 36 00.

Krisesenteret arbeider for å beskytte, støtte og rettleie valdsutsette kvinner, menn og borna deira. Dei tilsette på Krisesenteret er gode omsorgspersonar som har tausheitsplikt.

Du definerer sjølv situasjonen din og bestemmer sjølv kva du vil ha hjelp til, hjelpa skal vere på dine premissar.

Dersom du treng råd, eller avtale tid for samtale på dagsenteret, er det best å ringje mellom 08.00-15.30 på yrkesdagar.

 

Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane
Postboks 188, 6901 Florø

TLF: 57 74 36 00