Ein tilsett ved Tonning Barnehage, avdeling Homlebolet, har testa positivt på hurtigtest i dag fredag 29.10. Den tilsette har følgt anbefaling med å teste seg som nærkontakt til kjend smitte. Den tilsette var sist på arbeid onsdag 27.10.

I ettermiddag har vi fått stadfesta 2 nye positive prøver på koronavirus. Ingen av desse er smitta i kommunen. Nærkontaktar til dei smitta er varsla.

Når råda og reglane til myndigheitene i hovudsak forsvinn, kan du sjølv bestemme kva risiko du vil ta og kva tiltak du vil praktisere. Avvikling av tiltak som nasjonale råd /reglar, er ikkje i vegen for at enkeltpersonar kan velje høgare beskyttelsesnivå for seg sjølv. Til dømes kan den som ønskjer betre beskyttelse mot luftvegsinfeksjonar, velje å halde lenger avstand til andre og ha på munnbind.

Frå laurdag 25. september kl 16.00 vert innhaldet på Helsenorge endra.

Viktige reglar og råd.