Målgrupper for ny oppfriskningsdose før haust-/vintersesongen 23/24:
Regjeringa har bestemt å følgje Folkehelseinstituttet sine råd og anbefaler følgjande målgrupper ein ny oppfriskningsdose med koronavaksine hausten 2023:
• Aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
• Aldersgruppa 18–64 år som inngår i ei risikogruppe
• Aldersgruppa 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom
• Aldersgruppa 5–11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering
• Gravide
Risikogrupper
Personar med følgjande sjukdommar/ tilstandar er definert som risikogrupper:
Alder 65 år og eldre
Enkelte alvorlege helsetilstandar hos personar 18 - 64 år*
Organtransplantasjon*
Immunsvikt*
Hematologisk kreftsjukdom siste fem år*
Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)*
Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (for eks. ALS og cerebral parese)*
Downs syndrom*
Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon*
Andre underliggande sjukdommar/helsetilstandar
Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdommar
Diabetes
Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroidar eller steroidtabletter siste året**
Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
Demens
Kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)
Hjerneslag
Annan svært alvorleg sjukdom kan også gje auka risiko for alvorleg forløp av covid-19. Vaksinasjon i slike tilfelle vurderast individuelt av lege.
*Disse sjukdommane/tilstandane kan gje ein høg risiko for alvorleg forløp og død også hos yngre
**Alvorleg astma definert iht. GINA trinn 4-5