Pasient- og brukarombod

Pasient- og brukarombodet ivaretek behova, interessene og rettstryggleiken til pasientar og brukarar og arbeider for å betre kvaliteten i helse- og omsorgstenesta.

Du kan kontakte pasient- og brukarombodet dersom du treng råd og informasjon om rettane dine. Du kan òg få hjelp dersom du vil nytte klageretten.

Alle fylke har eit pasient- og brukarombod, du finn informasjon på www.pasientombudet.no.

Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane har tlf nr 57 82 11 00 og e-post sf@pobo.no.

Norsk pasientskadeerstatning, NPE, er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Dei behandlar erstatningskrav gratis, for pasientar som er blitt påført skade av helsevesenet.
Norsk pasientskadeerstatning, pb 3 St. Olavs plass, 0130 Oslo.
Tlf. 22 99 45 00. E-post: npepost@npe.no

Helsetilsynet er klageinstans om ikkje klagen fører fram lokalt.
Helsetilsynet/fylkeslegen ligg administrativt under Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Tlf. 57 65 50 55.  E-post: helsetilsynet@fmsf.no