Dersom du ikkje har høve til å skaffe eigne midlar til det aller nødvendigaste, kan du ta kontakt med NAV Nordfjord.
Hjelp i ein nødssituasjon skal dekke heilt nødvendige utgifter for ein kort periode. Døme på dette er stønad til mat, hygieneartiklar og reiseutgifter. Rekningar som må betalast for å hindre at nødvendige tenester som straum eller liknande vert stengt, kan også verte dekka i ein nødssituasjon.
Kvifor du har kome i denne situasjonen er utan betyding.
NAV skal også hjelpe deg med å finne eit mellombels butilbod, dersom du heilt akutt ikkje har ein stad å sove og opphalde deg det neste døgnet.
Du må bidra til å gi opplysingar om saka di på ein best mogleg måte, slik at NAV Nordfjord raskt kan handsame søknaden din.
Sist endra 03.01.2024 12.56