Opplysning, råd og rettleiing

Du har rett til å få opplysning, råd og rettleiing som kan bidra til å løyse eller førebyggje sosiale problem.

Les meir på nettsida: Opplysning, råd og rettleiing


Alle offentlege kontor har plikt til å rettleie om si eiga verksemd.
Dersom du treng hjelp frå andre offentlege instansar, skal kommunen og NAV Stryn hjelpe deg med å opprette kontakt slik at du får hjelpa du treng.

Det kan også vere behov for at fleire instansar samarbeider for å kunne gi deg best mogleg hjelp. Dersom du ønskjer det, kan NAV til dømes samarbeide med skule, oppfølgingsteneste, barnevern, barne- og ungdomspsykiatri og distriktspsykiatriske senter (DPS).

Du har rett til opplysning, råd og rettleiing uavhengig av om du allereie er i ein vanskeleg livssituasjon eller om du tek imot andre tenester frå NAV.
Du må vanlegvis sjølv ta kontakt med NAV Stryn for å få råd og rettleiing. Då kan vi tilby deg ei samtale om livssituasjonen din.
I nokre tilfelle kan også NAV Stryn på eige initiativ gje informasjon, råd og rettleiing dersom det kan bidra til å løyse eller førebyggje sosiale problem.
Dersom du får økonomisk sosialhjelp kan råd og rettleiing bidra til å støtte opp under moglegheitene dine til å klare deg sjølv.

Alle som jobbar i NAV har teieplikt. Du kan be om at ei rådgivingssamtale blir gjennomført på ein skjerma stad.