Ferdsel i naturen

Når ein ferdast i naturen er det viktig å vise omsyn og varsemd. Sporlaus ferdsel er eit viktig prinsipp for alt friluftsliv: Når du er på tur i skogen, ved sjøen eller på fjellet bør du forlate staden mest mogleg urørt og helst finare enn då du kom. På denne måten kan og dei som kjem etter deg oppleve gleda av å møte den urørte naturen.

Friluftslova regulerer bruk av naturen, og gjev ålmenta både rettar og plikter ved ferdsel i naturen.

 «Allemannsretten» er det viktigaste prinsippet i friluftslova, og gjev ålmenta rett til ”fri ferdsel” til fots i norsk natur. Den frie ferdselsretten gjeld under føresetnad av at ein opptrer omsynsfullt og varsamt for ikkje å volde skade eller ulempe for eigar, brukar eller andre, eller påføre miljøet skade.

Her fylgjer ei kort oppsummering av Friluftslova:

Til fots

I utmark kan ein fritt ferdast til fots heile året. Men det må skje omsynsfullt og med varsemd.

I innmark gjeld andre regler. Her kan ein ferdast til fots når marka er frosen, men aldri i perioden frå 30. april til 14. oktober. På ein sti eller veg i innmark som fører til utmark, har ein lov til å gå, sykle eller ri heile året.

På sykkel

I skogen har ein lov å sykle på veg eller sti. På fjellet over tregrensa kan ein også sykle utanom stiane.

Ferdsel på vatn

På sjøen er det fri ferdsel med båt for alle. Likeeins er det fri ferdsel på islagt sjø. Ferdsel i vassdrag vert regulert av vannressurslova som seier at alle kan ferdast utan motor på elv/vassdrag. Ein har lov til å trekke båten i land på strandstrekningar for kortare tid. Bruk av privat kai eller brygge krev løyve frå eigaren.

Bading

Ønskjer ein å bade i sjøen eller i utmark, er det fritt fram, så lenge det skjer i høveleg avstand til hus og hytte. Bading må ikkje være til ulempe for andre. Dette gjeld og når ein badar frå båten.

Rasting og telting

I innmark er det ikkje lov å overnatte, raste, solbade eller liknande utan løyve frå grunneigar. Derimot er dette lov i utmark, dersom det ikkje er til ulempe for andre. Telting og overnatting må ikkje skje nærmare enn 150 m. frå hus eller hytte der det bur folk. Telting er tillate inntil to dagar på samme plass. Dette gjeld ikkje på fjellet eller områder langt frå busetnad.

Hausting

I utmark kan alle plukke og ta med seg ville blomster, planter, bær og vill sopp, samt røter av ville urter. Igjen er det ein plikt til at det må skje omsynsfullt og med varsemd.

Bålbrenning

Det er forbod mot å gjere opp eld i skog og mark i perioden 15. april til 15. september. Kommunen kan gje dispensasjon. Ein må ikkje forlate bålet før det er heilt sløkt. Til bålet kan ein bruke tørre kvister og greiner som ein finn på bakken. Ikkje hogg greiner av levande tre - dei brenn likevel dårleg.

Stryn kommune har ei eiga forskrift for bålbrenning:

Artikkelliste