Fjordane Friluftsråd

Fjordane Friluftsråd er eit kommunalt oppgåvefellesskap som starta opp i 2017. Det består av seks medlemskommunar: Stryn, Solund, Bremanger, Askvoll, Kinn og Stad.

Friluftsrådet arbeider hovudsakeleg med planlegging, gjennomføring, organisering og førebyggande arbeid opp mot marin forsøpling. Dei er blant anna viktige i samband med kommunen sin årlege vårryddeaksjon. Dei ønskjer også å samarbeide med offentlege og private aktørar, og å bidra med tilrettelegging for lågterskel friluftsliv. I Stryn har dei blant anna vore på skulebesøk og snakka om marin forsøpling, og dei arrangerer friluftsskule i dei ulike medlemskommunane kvar sommar.

Dersom du ønskjer å arrangere ryddeaksjon, kan du ta kontakt med Fjordane Friluftsråd for rettleiing. Du finn meir informasjon om ryddeaksjonar her (Ryddeaksjon-sida).

Stryn kommune har vore medlem i friluftsrådet sidan 2020, men vedtok å bli medlem av eit framtidig regionalt friluftsråd allereie i 2015, i samband med rapporten «Forprosjektrapport januar 2015 -Friluftsråd for Nordfjord».

Lenke til Fjordane Friluftsråd sine heimesider

Artikkelliste