Leigeprisar og reglar

Strynehallen– leigeprisar 2024

 

Reglar for bruk

Alle brukarar/leigetakarar skal gjere seg kjent med reglane for anlegget og pliktar å overhalde desse

• Gjer deg kjend med branninstruks og nødutgangar
• Godkjent og underteikna kontrakt gjev rett til bruk av hallen
• Bruk innesko i hallen
• Verdisaker i garderobane skjer på eige ansvar
• Røyking, bruk av snus og bruk av alkohol/rusmiddel er forbode i hallen og på uteområdet
• Brukar/leigetakar skal til ei kvar tid stille med ansvarleg leiar og følgje tildelte tider
• Brukar/leigetakar har ansvar for at det er orden og at ingen uvedkomande får tilgang til hallen. Tilskodarar til trening skal opphalde seg på tribuna
• Etter bruk skal brukar/leigetakar rydde etter seg. Utstyr/apparat skal setjast på plass. Søppel skal kastast i søppelbehaldar
• Garderobar skal vere tømt og rydda seinast ein halv time etter avslutta leige, eller etter nærare avtale med vaktmeister
• Brukar/leigetakar pliktar å melde frå om eventuelle skadar på bygg og materiell straks skaden skjer, eller vert oppdaga. Brukar/leigetakar kan stillast økonomisk ansvarleg for skader som vert påført anlegget med hensikt
• Stryn kommune har ikkje ansvar for personlege skadar
• Attgløymde kle/effektar vert oppbevart maks ein (1) månad før det vert kasta
• Siste brukar/leigetakar for dagen ryddar opp, slår av lyset og passar på at døra er låst og at hallen er tom for folk

Vakttelefon/vaktmeister Strynehallen: 990 91 100

Booking: v/Kulturhusleiar Stryn kulturhus.