Spelemidlar

Idrettslag med fleire kan søkje om spelemidlar til bygging av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsaktivitet. Spelemidlane er inndelt slik:

  • anlegg for idrett og friluftsliv

  • nærmiljøanlegg

Alle som skal søkje spelemidlar må vere med i kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Anlegg må vere idrettsfunksjonelt førehandsgodkjent.

Dei som ønskjer å søkje tek kontakt med kulturavdelinga for registrering.

Meir informasjon og elektronisk søknadsskjema finn du her: www.idrettsanlegg.no
Gå direkte til anleggsregisteret her: www.anleggsregisteret.no

Spørsmål kan rettast til kulturavdelinga i Stryn kommune, tlf. 57 87 47 53