Lokalt transporttilbod til ungdom

Lokal transport for ungdom (LTU) skal gje ungdom høve til å delta på rusfrie ungdomsarrangement i Stryn kommune. Tilbodet gjeld alle dagar i veka, for ungdom mellom 13-19 år.

Ungdommane bestiller transporten sjølve, og tek kontakt med næraste taxisentral. De opplyser ved bestilling at de ynskjer å nytta dykk av LTU i Stryn. De må oppgje kor mange de er, og kva reisa skal nyttast til.

Det må vere minimum to ungdommar som skal same retning, men det er ikkje eit krav at dei skal heim til same adresse. De må oppgje namn og telefonnummer ved bestilling. Går det buss i same tidsrom kan ein ikkje nytte dette tilbodet.

Eigenandelen er kr 20 per person pr veg, skal de kun ein veg er det ingen eigenandel, då er eigenandelen at de har kome dykk eine retninga på eiga hand.

Ved store arrangement oppmodar vi alle om å samordne seg ved bestilling av skyss, då potten til tranporttilskot er begrensa. Dersom de veit på førehand at mange ungdommar skal på same arrangement, kan de gje beskjed til jannike.sunde@stryn.kommune.no for å bestille buss. Bussen må tingast minimum 4 dagar før arrangementet.
Vi ønskjer å kunne tilby transport for ungdom i heile 2023, men då må vi ha ei god organisering for bruk av taxi.

Rusfrie arrangement som LTU kan nyttast til.

  • Kinodagen
  • Bygdekino
  • Strynemessa
  • Oldendagane/Utvikdagane/Innvik++
  • Oktoberfest (for ungdom)
  • Kino
  • Open hall/Nattcafè
  • Sykkelcamp i regi av kommunen
  • Arrangement i regi av Stryn kommune (bibliotek, kulturskule og kulturhus)
  • Kulturnatt
  • UKM
  • Ungdomskonsertar som er rusfri
  • Arrangement på Stryn skisenter
  • Tilskuer idrettsarrangement Stryn kommune
  • Ungdomsarrangement i regi av  BUA/ Stryn frivillegsentral

Denne lista kan bli meir utfyllande etter kvart. Ordninga skal evaluerast i mars/april, og vi tar gjerne i mot innspel på jannike.sunde@stryn.kommune.no eller ingrid.heieren@stryn.kommune.no