UKM

UKM (Ung Kultur Møtes) er ein viktig møteplass for ungdom og kultur.

UKM Stryn vert arrangert i Stryn kulturhus i februar kvart år.

Er du mellom 10 og 20 år er du velkomen til å delta. 

Frå dei som har vore med tidlegare har vi motteke positive tilbakemeldingar om at dei har hatt ei kjekk oppleving, og at dei har lyst å vere med også til neste år.


UKM er ikkje berre ei musikkmønstring. Du kan delta med det du ønskjer, så lenge det kan presenterast frå ei scene eller eit utstillingsrom; artige sketsjar med unge talentfulle skodespelarar, dansarar, målarar, teiknarar, datakunst eller personar som på ein eller annan måte lagar ting eller skapar kultur på anna vis.