Vårryddeaksjonen

Kvart år arrangerer kommunen ein felles vårryddeaksjon før 17. mai. Då blir det plassert ut containerar i ulike grendelag, og mange frivillige engasjerer seg for å fjerne søppel frå naturen. Dato og plassering for innlevering varierer noko frå år til år, og blir informert om i førekant av kvar enkelt aksjon på kommunen sine heimesider. 

Vårryddeaksjonen er knytt til den nasjonale Vårryddedagen til Hold Norge Rent som skal bidra til å fjerne søppel før ferdselsforbodet trer i kraft 15. april.

Lag din eigen ryddeaksjon!

Ein kan når som helst arrangere sin eigen ryddeaksjon. Fjordane Friluftsråd hjelper gjerne lag og organisasjonar med organisering og støtte. Privatpersonar oppmodast også til å spørje om råd.
Finn meir informasjon på Fjordane Friluftsråd sine heimesider
eller ta kontakt med Thea Båtevik tlf: 82 22 238
e-post: thea@friluftsrad.no).

Gjennom Rydde kan du opprette eigne aksjonar, melde deg på andre sine aksjonar, registrere det du ryddar og melde inn forsøpla område.

Ryddeutstyr

Ta kontakt med Fjordane Friluftsråd dersom du ønskjer å bestille ryddeutstyr til din skule eller barnehage.
Utstyr kan også hentast ved eit av lagera i Stryn:

NOMIL Gjenbruksstasjon Svarstad

Utstyr: hanskar og sekker
Ligg på området til Tenden Miljø. Det er også Tenden Miljø som driftar stasjonen for NoMil.

Opningstid:
Tysdag kl. 12.00 – 19.00
Torsdag kl. 12.00 – 19.00


Servicekontoret i Stryn
Utstyr: hanskar og sekkar
Opningstid:
Måndag-fredag: 09.00 – 15.00
Adresse: Tonningsgata 4, 6783 Stryn

Innleveringsplassar

NOMIL Gjenbruksstasjon Svarstad

Ligg på området til Tenden Miljø. Det er også Tenden Miljø som driftar stasjonen for NoMil.

Opningstider: Tysdag kl. 12.00 – 19.00;
Torsdag kl. 12.00 – 19.00

Gratis levering

Når kommunen arrangerer felles ryddeaksjon er det også muleg å levere i containerar i ulike grendelag. Det blir informert om dette i førekant av kvar enkelt aksjon på kommunen sine heimesider. 

Kom gjerne med innspel til vårryddeaksjonen 2023 

Artikkelliste