Slik blir du Miljøfyrtårn-sertifisert

Miljøfyrtårn passar for alle typer verksemder, slik går du fram for å bli Miljøfyrtårn-sertifisert.

Kven kan bli miljøfyrtårn?


Miljøfyrtårn passar for alle typer verksemder, og kan bidra til at små og store bedrifter eller organisasjonar blir bærekraftige, oppnår konkurransefortrinn, styrkar merkevaren, kuttar kostnadar, minskar sjukefråveret og får eit anerkjent kvalitetsstempel.


Kom i gang med Miljøfyrtårn-sertifisering

Finn ut korleis du går fram for å oppnå sertifisering etter Miljøfyrtårnprogrammet.
 

Få hjelp av ein konsulent

Konsulenten sin rolle i Miljøfyrtårn er å guide og rettleie ei verksemd frå oppstart til sertifisering. Konsulenten hjelper til med å etablere nødvendige rutiner og prosedyrar for at verksemda skal oppfylle sertifiseringskriteria. På nettsidene til Miljøfyrtårn kan du søkje på godkjende konsulentar i Stryn. Velg kategorien «finn konsulenter» og kommune «Stryn».
 

Få tildelt ein sertifisør som kan godkjenne verksemda

Sertifisøren kontollerer og verifiserer at verksemda oppfyller sertifiseringskriteria og at dei riktige bransjekriteria er brukt. Får å få tildelt ein sertifisør, må verksemda kontakte Certnor AS i god tid før ynskt sertifiseringstidspunkt. Certnor er i dag den einaste aktøren som tilbyr sertifisering for Miljøfyrtårn. Verksemda vert fakturert direkte av sertifisøren.

 

Sertifiserte verksemder skal levere rapport

Alle sertifiserte verksemder skal levere rapport til Stiftelsen Miljøfyrtårn innan 1. april kvart år. I denne samanheng arrangerer Stiftelsen Miljøfyrtårn kurs og webinar. Som ein del av Miljøfyrtårnsertifiseringa skal rapporten vere offentleg tilgjengeleg.

Stryn kommunesenter resultat og statstikk (PDF, 263 kB)

 

Resertifisering kvart tredje år

Verksemda har sjølv ansvar for å sørgje for resertifisering innan tre år frå forrige sertifisering. Sjå rettleiaren for deg som skal forberede ei resertifisering.

Alt arbeid skal vere ferdig, og Miljøfyrtårnportalen skal vere oppdatert seinast to veker før sertifiseringsmøtet. 

Les meir om resertifisering hos Miljøfyrtårn.
For resertifisering av hovudkontor gjeld eigne retningsliner.


Utdeling av miljødiplom

Miljøvernkoordinator har koordineringsansvaret for Miljøfyrtårnsertifisering i kommunen, og står for den praktiske oppfølginga av ordninga, med koordinering og utdeling av nye miljødiplom.

All anna bestilling av diplom og anna profileringsmateriell gjer du her hos Stiftelsen Miljøfyrtårn.

 

Kontaktperson i Stryn kommune:
Eivind Evebø
Sakshandsamar miljø
Avdeling berekraft og næring
eivind.evebo@stryn.kommune.no 

Tlf 57 87 47 00