Motorferdsel i utmark

Motorferdsellova regulerer motorferdselen i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremme trivselen.

Motorferdsel som ikkje er tillate direkte i motorferdsellova, i den nasjonale forskrifta om bruk av motorkøyretøy eller etter lokal forskrift, krev at du søkjer dispensasjon/løyve frå kommunen. Dette gjeld for køyring på snødekt mark, køyring på barmark, og bruk av motorfartøy (motorbåt, helikopter osv).
Dagens dato + 14 dagar er tidlegaste dato du kan søkje løyve for.

Søknadsskjema for løyve til motorferdsel i utmark

Papirbasert søknadsskjema for løyve til motorferdsel i utmark (PDF, 211 kB)
(må skrivast ut, utfyllast og sendast Servicekontoret, Tonningsgata 4, 6783 Stryn),

 

Ny utlysing av leigekøyring for perioden 2023-2028 - søknadsfrist 10.02.2023


Leigekøyring

Stryn kommune har etablert leigekøyringsordning (ervervsløyve) med snøscooter på vinterføre i sju område.

Ervervsløyve
Område Løyvehavarar pr. dato
Nordsida Olav Sølvberg og Nils Helge Sølvberg
Sør-Markane aust for Blakset Even Andreas Dispen
Bøasetra-Ullsheim Arvid Hatledal og Jens Tore Bø
Flofjellet Bjørn Inge Flo
Videdalen-Tystigen Idar Aaboen
Innvik Ove Hammer
Utvik Anders Hage

Ved å benytte leigekøyring treng du ikkje dispensasjon for følgande køyreoppdrag:

  • Transport mellom bilveg og hytte
  • Tilsyn med privat hytte etter eigaren sitt oppdrag
  • Transport for massemedia på reportasjeoppdrag
  • Transport av funksjonshemma
  • Transport av ved

Særskilte reglar for verneområde

I verneområde gjeld verneforskriftene sine eventuelle forbodsreglar for motorferdsel. Kontakt statsforvaltaren eller verneområdestyret v/forvaltar for nærare opplysningar. Hugs at du uansett må søkje kommunen om løyve.
 

Lenkjer

Artikkelliste