Landbrukseigedom


Konsesjon

Konsesjonslova av 28. november 2003 fastset at alle tileigningar/kjøp av fast eigedom, og stifting av bruksrett for lengre tid enn 10 år, kjem inn under konsesjonsplikt.

Det er gjort nokre unntak i lova eller forskrifter.

Hovudregelen er at du kan tileigne deg/kjøpe bebygd eigedom som ikkje er større enn 100 dekar og heller ikkje har meir enn 35 dekar fulldyrka/overflatedyrka jord, utan å søke konsesjon. Det same gjeld tomter til bustad og fritidsformål, og ubebygd areal som er lagt ut til anna enn landbruksformål. Tileigning/kjøp frå nær familie er også friteke frå konsesjonsplikt.

Dersom eigedomen du skal overta kjem inn under unntaksreglane, skal skjema Eigenerklæring om konsesjonsfritak ved overtaking av fast eigedom fyllast ut og sendast til kommunen før skøyte vert sendt til tinglysing. Eigenfråsegna vert då registrert i matrikkelen, og opplysningane gjort tilgjengeleg for tinglysinga.

Dersom eigedomen er konsesjonspliktig må du søkje konsesjon jamfør skjemaet eigenerklæring om konsesjonsfritak ved overtaking av fast eigedom Søknaden vert handsama av kommunen, og positivt vedtak må ligge føre før skøyte vert tinglyst.

Gebyr konsesjon
Handsaming konsesjon Enkle saker (adm. vedtak) Politisk handsaming
Gebyr 1200 2400


Buplikt

Dersom du kjøper ein bebygd landbrukseigedom som har meir enn 35 da dyrka mark eller er større enn 100 da totalt, kan kommunen sette som vilkår at du må busette deg der for å få eige garden.

Dersom du overtek ein gard frå nær familie er reglane litt annaleis. Viss arealet er mindre enn 35 da dyrka jord eller 500 da produktiv skog, kan du overta konsesjonsfritt. Er garden større, er overtaking konsesjonsfri dersom du buset deg på garden. Viss du ikkje kan eller vil bu på garden, må du søkje konsesjon.


Driveplikt

Etter jordlova § 8 er det driveplikt på alt jordbruksareal. Ein kan velje om ein vil drive jorda sjølv, eller leige bort til andre. Dersom du leiger bort jorda, må du inngå avtale for 10 år.

Døme på jordleigeavtale


Gardskart

Gardskart  gjev oversikt over areala du har på eigedomen din.


Odel

Odelslova  gjer greie for når det er odel på ein landbrukseigedom.

Kontakt

Landbrukssjefen
E-post
Telefon 57 87 47 00

Post- og besøksadresse:
Tonningsgata 4
6783 Stryn