Lokale forskrifter


Bandtvang

Stryn kommune har vedteke lokal forskrift om utvida bandtvang.

Bandtvang gjeld frå 1. april til 15. oktober i heile kommunen.

 

Utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel

Etter forskrift om gjødselvarer av organisk opphav m.v. er siste frist for spreiing av husdyrgjødsel 1. september. Stryn kommune har vedteke forskrift om utsett frist, og denne er sett til 15. september.

Dersom det er naudsynt å spreie gjødsel utan nedmolding etter denne datoen må det sendast skriftleg grunngjeven søknad til kommunen.