No er den nye skredfarevurderinga for område i og ved Oldedalen og Lodalen ferdig. Den kan lastast ned som pdf-fil her (PDF, 33 MB)
Samandrag av rapporten
På oppdrag frå Stryn kommune har Sunnfjord Geo Senter gjennomført skredfarevurdering for 10 område i Stryn kommune, i og i nærleiken til Oldedalen og Lodalen. Både Oldedalen og Lodalen er særs utsette område for skred, og i begge dalføra er det kjende skredløp, der det nærast årleg går skred ut i trafikkert veg. Historisk sett er det òg eit område der det har vore store og katastrofale skredulukker.
I 2017 vart busette område i Stryn kommune kartlagd for skredfare som del av nasjonal kartlegging i regi av NVE (NVE, 2017). Denne kartlegginga tok for seg dei mest busette områda i Oldedalen, men ingen område i Lodalen. Utanom det sørlegaste området i vår rapport, Briksdalen – Oldedalen sør i Oldedalen, er det ikkje bustadar/fritidsbustadar i dei kartlagde områda i Oldedalen. I Lodalen er det fleire bustadar og fritidsbustadar innafor dei kartlagde områda.
Skredfarevurderinga og faresonekarta viser at delar av Melkevollen camping er innafor faresone for skred med samla årleg sannsyn > 1/1000 og at resterande bygningar tilhøyrande tryggleiksklasse S2 i Oldedalen, er utanfor denne faresona, og oppfyller difor krava i TEK17. For områda i Lodalen er det fleire bustadar og fritidsbustadar tilhøyrande S2 som er innafor denne faresona. Dette gjeld delar av Loenvatn feriensenter, bustadar og fritidsbustadar i og ved Sande, fritidsbustadar nær Vesle Merkingsgjølet ved Hogrenning, og enkelte bustadar og fritidsbustadar i Bødal. I dei kartlagde områda er det ingen bustadar/fritidsbustadar tilhøyrande tryggleiksklasse S2, som er innafor faresone for skred med årleg sannsyn større enn 1/100.
NVE:
Plan- og bygningsloven (pbl) og Byggteknisk forskrift (TEK 17) stiller krav til sikkerhet mot naturfare. For reguleringsplan og byggesak/-tiltak, søknadspliktig eller ikke, må det derfor dokumenteres at tilstrekkelig sikkerhet mot skredfare vil bli oppnådd i henhold til disse sikkerhetskravene. Denne utredningen er utført av fagkyndig personell og følger NVEs veileder Sikkerhet mot skred i bratt terreng - Kartlegging av skredfare i reguleringsplan og byggesak1 , og vil dermed kunne dokumentere om sikkerhetskravene er oppfylt. Skredtypene snø-, jord-, flom-, sørpe-, steinskred og steinsprang utredes.