ReiselivLytt til tekstenStopp avspillingStryn har lange tradisjonar med reiseliv, og er ein av dei største reiselivskommunane på Vestlandet. Visit Nordfjord er det offisielle destinasjonsselskapet for kommunane Stryn, Gloppen, Stad og Kinn. Nordfjord blir marknadsført under slagordet «Alt i ein fjord» som gjev ei god beskriving av det unike Nordfjord har å by på som bu- og arbeidsområde, reisemål og for næringsetablering. Breane, fjella og fjorden har vore viktige trekkplaster for turismen og utvikling av reiselivet. Det er dei framleis, men i tillegg blir det lagt til rette for ulike typar aktivitetar i naturen. Vi har blant anna eit godt utbygt sti- og løypenett som kan nyttast heile året til fots, på ski eller på sykkel. Du finn turistinformasjon i Stryn sentrum: Stryn Turistinformasjon Loen/Lodalen er eit av dei mest populære turistområda i Stryn. Her finn du oversikt over ulike planar, reglar og prosjekt som er aktuelle for området. Relevante studentoppgåver Bacheloroppgåve: Tjugen - en innfallsport til Jostedalsbreen nasjonalpark (PDF, 11 MB) Masteroppgåve: Utvikling på kryss eller på tvers? Reiseliv, lokalsamfunn og berekraft (PDF, 2 MB) Sist endra 28.06.2023 10.18
Merket for bærekraftig reisemål Nordfjord er på god veg til å bli å bli merka som berekraftig reisemål. Merket for berekraftig reisemåler ei nasjonal merkeordning for reiselivsdestin...
Reglar for Breng i Lodalen vedtekne av Stryn kommunestyre Stryn kommunestyre vedtok 14. mai 2019 åtferdsreglar for bevaring av kulturlandskapet på Breng. Reglane skal hindre ulemper for grunneigarane sin bruk ...