Viltforvaltning

Ansvar i høve viltet er lovregulert i viltlova og naturmangfoldlova. Kommunen har mellom anna ansvar for å ta vare på viltet sine leveområde gjennom eiga planlegging etter plan- og bygningslova.

Hjorteforvaltning

Størst arbeidsmengde har vår kommune i hjorteforvaltninga. Kommunen skal ha vedteken plan med kommunale mål for forvaltning av hjortevilt (sjå lenkje under). I Stryn har vi no 11 ulike bestandsplanområde som forvaltar hjorten i fellesskap.

 

Jaktsesongen for hjort er no frå 1. september til og med 23. desember.

 

 

 

Materialinnsamling og fellingsavgift

Vi har obligatorisk innsamling av alle hjortekjevar seinast 10 dagar etter endt jaktsesong. Fellingsavgift for hjortejakt vert krevd inn etter innlevering av kjevane.

Avgiftsnivået er no kr 180 for kalv og kr 340 for vaksne dyr.

For interesserte jegerar som vil vere oppdatert på hjorteforvaltninga vil vi anbefale nettsida Hjorteviltregisteret eller vår side om Viltstatistikk.

 

Småviltjakt

I Stryn kommune har vi eitt samanhengande stort jaktområde med jaktkortsal for ålmenta – Strynedalen Nord jaktområde. Jaktkort er å få kjøpt mellom anna ved sportsforretningar i Stryn sentrum.

 

Jegerprøva

Påmelding til den årlege jegerprøva skjer til Miljødirektoratet si nettside etter annonsering i lokalavisa, Fjordingen. Kommunen er ansvarleg for den teoretiske eksamenen som blir arrangert i mai månad.

Jegerprøven, Miljødirektoratet

Kontaktpersonar i forbindelse med jegerprøva:

Teoretisk jegerprøveeksamen
Pål Trøsken 413 27 822
Rasmus Gausemel 480 01 663

Praktisk del av jegerprøva
Lasse Nedreberg 482 14 211

Kontakt

Miljøvernkoordinator
E-post
Telefon 57 87 47 16

Post- og besøksadresse:
Tonningsgata 4
6783 Stryn