Sjukt eller skada vilt, og vilt som gjer skade


Viltkollisjon

Kommunen har ansvar for ettersøk, avliving og fjerning av trafikkskadd vilt. Stryn kommune har avtale med Stryn Ettersøkslag om dette arbeidet.

Den som køyrer på vilt er pliktig til å varsle om påkøyrsle. Dette kan skje ved å ringe politiet: 02800 eller ved å ringe Stryn Ettersøkslag sin vilttelefon: 415 01 389.

Oversyn over påkøyrsle av hjort langs hovudvegnettet kan du finne ved å gå inn på Hjorteviltregisteret. Ved å nytte dette verktyet kan du vera betre førebudd på kva vegstrekningar du skal vera ekstra observant på hjort i vegbana.

 

Viltsjukdomar

Kommunen har ansvar for å følgje med dersom det skulle bryte ut sjukdom i viltbestandane våre. Eksempel på sjukdom som kan få stor betydning for ein eller fleire artar er CWD (Chronic Waisting Disease), eller skrantesjuke, som har brote ut i ein villreinbestand i Nordfjella, og som også kan ramme norsk hjort. Stryn ligg førebels ikkje i tiltakssone for å avgrense sjukdomen, men alle som skal omsetje hjortekjøt må ta prøve av kjøtet i mattilsynet.

Mattilsynet: Informasjon om skrantesjuke (CWD)

 

Rovvilt eller skade på beitedyr

Meld frå til lokal rovviltkontakt ved observasjon av rovvilt, spor eller akutt skade på beitedyr. Helst så snart du har høve til det. 

Statens naturoppsyn (SNO) sin lokale rovviltkontakt: Sverre Sæten tlf: 404 01 389.
Informasjon om rapportering frå Miljødirektoratet.

 

Tilskot til rovvilt-tiltak kan søkast frå Miljødirektoratet.

Det er viktig å melde frå til rovviltkontakten ved skade på beitedyr. Slik dokumentasjon kan vere avgjerande for storleiken på erstatningsbeløpet.
 

Beiteskader

Skader av hjort kan best førebyggast ved å halde hjortebestanden på eit akseptabelt nivå, langt under det vi har hatt dei siste 10 åra. Dersom ein har gjort det ein kan for å halde nede bestanden av hjort, kan ein vurdere bruk av viltfondsmidler til å dekke deler av kostnadane med inngjerding av areal til spesielt arealintensiv produksjon som frukt, grønt og bær. Retningsliner for bruk av viltfondet:

Som akuttiltak, for å hindre skade på særleg verdifull produksjon kan ein innvilge skadefellingsløyve på enkeltindivid av hjortedyr.