Fristen for å gje innspel til planprogrammet har no gått ut. Vi fekk inn heile 29 innspel til høyringsutkastet, og vil takke alle som har sendt innspel til oss.

Stryn kommune skal lage ein ny utviklingsplan for dei neste 12 åra.  I samfunnsdelen skal ein peike ut ønska retning for samfunns- og  tenesteutvikling, og den skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar. Planen tek føre seg Stryn kommune som samfunn og kommunen som organisasjon. Kommunestyret har vedteke eit planprogram og no kan du seie di meining om planen.