Adressenummer tildeling

Adressenummer på nokre vegar ligg no i kommunekart tilgjengeleg for innsyn. Du kan gå inn og sjå kva veg du er tilknytt og kva adressenummer du er tildelt. Du kan og sjå om det er rett tal adresser på bustaden/ eigedomen.

Link til kommunekart

Flytt deg til området du vil sjå planlagt adresse ved å "klikke og dra" og skrolle deg inn og ut, eller søkje på eigedom eller stadnamn i søkefeltet. For å sjå utkast til skiltplan går du på kartlag og haker av for skiltplan.

 

Adressenummer tildeling

Klage på tildelt adresse

Kommunen ynskjer innspel om:

  • adressa viser til feil veg
  • det er fleire eller færre einingar i bustaden
  • det er fleire eller færre bygningar på eigedomen
  • det er tildelt feil adressenummer

Merk at adressenamn og skrivemåte er vedteke og er ikkje gjenstand for innspel.

Klagefrist er tre veker etter motteke vedtak om vegadresse.

Klage med grunngjeving kan sendast på skjema klage - adressenummer tildeling
Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn
eller på e-post til postmottak@stryn.kommune.no

Logikk bak nummereringa

Frå start på vegen skal bygningar på høgre side ha oddetalsnummer og bygningar på venstre side ha partalsnummer

I tettbygde strøk, fortrinnsvis der det er ein reguleringsplan/detaljplan, vil ein tildele hus-nummer fortløpande etter kanten på vegen, og berre sette igjen ledige husnummer der det er konkrete planar for utbygging/fortetting.

I mindre tettbygde strøk vil det bli tildelt adresser etter avstandsprinsippet. Du kan lese meir om dette i brosjyra Informasjon om tildeling av vegadresser

Er det feil på din registrerte bustad?

Alle bustader med utleigedel/ 2 leilegheiter med separate inngangar skal ha tildelt 2 adresser. Har din bustad fått 2 adresser men ikkje lenger har 2 leilegheiter kan dette skuldast at registrering i matrikkel ikkje er oppdatert.

Vegadresser skal berre tildelast bygg som blir brukt til bustad- eller fritidsføremål, næringsverksemd eller offentleg verksemd. Adresse vert tildelt pr. hovudinngang. Landbruksbygg, garasjar og lager er eksempel på einingar som ikkje får ei vegadresse.
 
Kommunen ønskjer å rette opp i eventuelle feil. Innspel i høyringsperioden fører til at vi kan fatte vedtak på mest muleg korrekt grunnlag.

Adressa mi manglar

Det er kun tildelt vegadresser til vegparsellar med vedtekne vegnamn (PDF, 163 kB). Desse vegane blir tildelt adressenummer. Dei andre vegane blir tildelt vegadresse seinare.

Skilting



Vedtekne vegnamn (PDF, 163 kB)