Den enkelte står ansvarleg for bålbrenninga. Skal du brenne eit større bål, meld gjerne frå 2-3 dagar før på epost: postmottak@stryn.kommune.no
Hugs at epost ikkje blir lesen i helga.
Ved store bål meld frå på førehand til brannvakta tlf 917 21 631.
Mellom 15. april og 15. september er det forbode å gjere opp eld nær skog og i all anna utmark utan løyve frå kommunen. Då er faren for å forårsake gras- og skogbrannar større enn elles i året. Det er likevel lov å gjere opp eld der det absolutt ikkje kan medføre brann.
I perioden 16. september til 14. april er faren for å forårsake gras- og skogbrannar normalt ikkje så stor. Då er det igjen lov å gjere opp små bål ute i naturen, uten å spørje brannvesenet.
I Stryn kommune er det lov med:
- Open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål
- Brenning av avfallstrevirke, med unntak av rivingsavfall og impregnert og måla trevirke
- Brenning av Jonsokbål og Olsokbål
- Ranke- og flatebrenning i landbruket i god avstand til tettbygde strok
- Kulturarrangement med vardebrenning eller liknande
- Brenning av tørt hageavfall i god avstand til tettbygde strok
Kva skal du passe på når du brenner bål?
Ved all brenning må du vere forsiktig. Dette gjeld særleg i tørkeperiodar og periodar med sterk vind. § 3 i forskrifta seier at det er generelle krav til aktsomheit. Kvar enkelt person pliktar å vise aktsomheit ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann. Det er forbode å gjere opp eld eller behandle brannfarlege gjenstander utandørs under slike forhold, eller på en slik måte, at det kan føre til brann.
Her er nokre retningsliner:
Stryn kommunestyre vedtok 18. desember 2014 forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.
Les forskrift for Stryn kommune om open brenning og brenning i småomnar