Fritak

I eigedomsskattelova § 5 står det kva eigedomar som skal ha heilt eller delvis fritak, medan det i § 7 er reglar for kva eigedomar kommunestyret kan frita for eigedomsskatt.

Fritak etter § 7 i eigedomsskattelova gjeld for eit år om gongen.

Fritaksliste til offentleg ettersyn 2023 (PDF, 242 kB)

Om du meiner at du skulle hatt fritak, men ikkje har fått det, kan du søkje om det.