Vintervedlikehald

Stryn kommune si eiga driftsavdeling har vintervedlikehaldet i Stryn sentrum. Andre stader i kommunen blir det leigd inn private brøyteentreprenørar.

Spørsmål om brøyting/strøiing kan rettast til avd. leiar kommunalteknikk på tlf. 57 87 47 00 frå kl. 09.00 - 15.00.

Utanom kontortid; ta kontakt med brøyteentreprenøren for dei ulike rodane.

Liste over brøyteentreprenørane finn du her. (PDF, 244 kB)

Brøyting m.m.

Kva er Stryn kommune sitt vedlikehaldsansvar?

 

  • Vintervedlikehald av ca 16 mil med kommunal veg, og 7 km med gangveg.
     
  • Kommunen si brøyteordning omfattar ikkje snørydding av private areal eller private vegar/ avkøyrsler.
     
  • Gardeigarar har sjølv ansvar for å rydde og strø tilstøytande fortausareal i sentrum som ikkje er kommunal grunn.
     
  • Riks- og fylkesvegar i kommunen blir brøyta av Statens vegvesen (underentreprenør).
Brøyterutinar

 

  • Brøyteentreprenørane (17 roder + uteavdeling i Stryn kommune) har sjølv ansvaret for å følgje med når det skal brøytast.
     
  • Vegane skal normalt vere gjennombrøyta til klokka 07:00 om morgonen, og opne til klokka 23:59.
     
  • Det skal brøytast ved desse snøfalla:
    Våt snø: minimum 5 cm, maks 10 cm.
    Tørr snø: minimum 10 cm, maks 15 cm.
Rutinar ved strøing

 

  • Uteavdelinga i Stryn har ansvaret for strøing på dei kommunale vegane i desse områda:
    Markane, Vinsrygg, byggefelta i Stryn, frå Stryn sentrum og opp til Øvreeide, Loen, Olden, Olden til Sunde (Oldedalen), Vanberg, Agjeld og Frøholm.
     
  • Dei stadane som ikkje er nemnd ovanfor er det brøyteentreprenørane sjølv som har ansvar for strøinga.

 

 

 

 

Verdt å merkje seg.
  • Ved store snøfall vil det ta lenger tid enn normalt før alle vegar er ferdig gjennombrøyta og rydda.
     
  • Vis omsyn til mannskap som utfører brøytinga. Ikkje parker i vegbana, og hald god avstand til brøytemaskina.
     
  • Ikkje legg snø frå private areal ut i vegbana – dette er forbode jmf Veglova §57.
     
  • Vis omsyn i vegkryss med dårlig sikt pga. snø. Desse vil bli rydda etter snøfallet.
     
  • Sko køyretøya etter forholda.
     
Snø i innkøyrsle
  • Snøbrøyting fører til snø i private innkøyrsler. Den enkelte bebuar kan då ikkje føre snøen tilbake til veg eller fortau. Veglova slår fast at avkøyrsleeigar er ansvarleg for vedlikehaldet av avkøyrsla til sin eigedom. Dette gjeld og fjerning av snø.
Hus/gardseigar sitt ansvar
  • Hus/ gardeigar skal sjølv fjerne snø etter brøyting og høvling frå privat avkøyrsle, jf.Veglova §43
     
  • Hus/ gardeigar skal fjerne all vegetasjon på eiga tomt som heng utanfor tomtegrense, eller som går ut i trafikkareal, jf Veglova §31
     
  • Hus/ gardeigar skal ikkje legge snø på trafikkert areal (fortau/ vegbane) etter rydding av eiga tomt, jf Veglova §57
     
  • Hus/ gardseigar skal flytte/ fjerne køyretøy inkl. hengar som er til hinder for vedlikehald av vegen, jf. Vegtrafikklova §37