Ved arealoverføring kan du få overført areal mellom eigedomar som har felles grense. Arealoverføring vert nytta når arealet som skal overførast er større enn kva som er mogleg å overføre med ei grensejustering. Du må søke kommunen om delingsløyve.
Det er eigar av eigedomane som kan søkje om arealoverføring.
Dersom du signerer søknaden på vegne av eigar, må du legge ved fullmakt frå grunneigar. Fullmakta må vere original eller stadfesta rett kopi.
Ved arealoverføring må du betale gebyr både for handsaming av søknaden etter plan- og bygningslova, matrikkellova og i nokre høve også etter jordlova. Arealoverføring utløyser også dokumentavgift, som er 2,5 % av salsverdien, minimum 250 kroner. I tillegg kjem tinglysingsgebyr på 585 kroner per dokument som vert tinglyst.
Gebyr etter matrikkellova |
Areal | Pris |
0-500 m² | 16 120 kroner |
500-2000 m² | 22 320 kroner |
Nytt påbegynt 1000 m² fører til auke av gebyret på | 1870 kroner |
Arealoverføring til vegformål vert rekna etter medgått tid | 1240 kr/t |
Gebyr etter plan- og bygningslova |
Søknad om deling av grunneigedom | 4 005 kroner |
Gebyr for handsaming av dispensasjonssøknad kjem i tillegg.
Gebyr etter jordlova |
Deling etter jordlova | 2 000 kroner |
Slik søker du
- Send nabovarsel
Du kan bruke skjema for nabovarsel frå Direktoratet for byggkvalitet . Naboane skal ha kopi av søknaden og vedlegga du sender til kommunen.
Fristen for å kome med merknadar til nabovarselet må vere gått ut før du kan sende inn søknadsskjemaet til handsaming. Utfylt gjenpart av nabovarselet med kvittering skal leggast ved søknaden.
- Fyll ut og send inn søknadsskjema
Fyll ut søknaden her
Hugs at du må legge ved følgjande vedlegg:
- Kart som viser kva areal som skal overførast og forslag til ny eigedomsgrense.
- Utfylt gjenpart av nabovarsel med kvittering.
Kva skjer vidare
Etter at kommunen har gjeve løyve til arealoverføring, vert det halde oppmålingsforretning med møte i marka. Alle involverte partar får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga. På oppmålingsforretninga vert eksisterande grenser klarlagt og nye grenseliner påvist og merka. Dersom det er hefter på arealet som skal overførast, må desse slettast. Dei nye eigedomsgrensene vert ført i matrikkelen, saka vert tinglyst og du får tilsendt matrikkelbrev for eigedomen.
Gjeldande lovverk
Matrikkellova:
Matrikkelforskrifta:
Plan- og bygningslova:
Jordlova:
Sist endra 07.03.2024 09.26