Grensejustering

For å gjere grensene mellom eigedomar meir tenlege, kan du søkje om grensejustering. Ved ei grensejustering kan ein utføre små justeringar av eigedomsgrensa.

Slik søkjer du

  • Søknadsskjema Hugs at alle eigarar av involverte eigedomar må signere søknaden
  • Legg ved kart som viser kva areal som skal grensejusterast og forslag til nye eigedomsgrenser.

Kva skjer vidare?

Dersom vilkåra for grensejustering er oppfylt, sender vi ut skriftleg varsel om oppmålingsforretning seinast 14 dagar før oppmøte i marka. På oppmålingsforretninga vert eksisterande grenser avklart og nye grenseliner påvist og merka. Etter oppmålingsforretninga vert dei nye eigedomsgrensene ført i matrikkelen og du får tilsendt matrikkelbrev for eigedomen.

Gjeldande lovverk

Matrikkellova

Matrikkelforskrifta

Plan- og bygningslova

Jordlova