Grensepåvising/ klarlegging av grense

Dersom grensemerka for eigedomen din er borte og du ynskjer å få sett ned nye, eller du er usikker på kvar grensene for eigedomen din går, kan du søke om grensepåvising. Grensepåvising er ei klarlegging av eksisterande grenser for eigedomen. Eigedomsgrensene kan vere tidlegare koordinatfesta (ved målebrev/ matrikkelbrev), eller skildra i skylddelingsforretning eller jordskiftesak.

Grensepåvising

Kven kan søkje?

Eigar eller festar av eigedomen kan søkje om grensepåvising/klarlegging av grense.

Dersom du signerer søknaden på vegne av eigar, må du legge ved fullmakt frå grunneigar. Fullmakta må vere i original eller stadfesta rett kopi.

Kva kostar det?

Tidlegare koordinatfesta grense

For 1. punkt

3 600 kroner

For overskytande grensepunkt, per punkt

1000 kroner

Ikkje tidlegare koordinatfesta grense

For 1. punkt

6 300 kroner

For overskytande grensepunkt, per punkt

1 500 kroner

Slik søkjer du

Kva skjer vidare?

Etter at kommunen har motteke søknaden, kallar vi inn til oppmålingsforretning med møte i marka. Alle involverte partar får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga. På oppmålingsforretninga vert grensene klarlagt, innmålt og eventuelt merka av.

Dersom det er usemje om fastsetting av grensa, kan kommunen ikkje ta stilling til kvar grensa går. I slike høve kan partane ta kontakt med jordskifteretten (telefon: 57 99 13 50), som kan fastsetje kvar grensa går.

Gjeldande lovverk

Matrikkellova

Matrikkelforskrifta